Anne Tolleivsdotter Vindegg
(fødd Tufto 14. juni 1884, død 25. oktober
1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla,
Hol. På Ustaoset støla ho og hadde også
arbeid med hyttefolk og andre turistar.
Ho var truleg ein av dei siste i Hol som
brukte folkedrakt til dagleg. I 1911 gifte
Anne seg med Ole Olson Vindegg
(1880–1955), som i 1907 hadde kjøpt
Vindegg. 13. januar dette året skreiv han
til broren Peder i Canada at "I vinter skal
jeg have Anne Tufte til tjænestepige".
Også i 1909 og 1910 hadde han henne
som tjenestejente. Men i 1911 skreiv han:
"Jeg skal nu gifte mig med Anne Tufte i
vaar ved Santhanstider saa hvis de har
lyst til at ture gjestebud saa er de meget
velkommen.